Inspirasjon
Slik fekk familien på Voss oppfylt husdraumen
Publisert 18. desember 2025 • Sist endret 19. des. 2025
Med små born og ein travel kvardag visste Henrik og Ingeborg at dei ikkje kunne byggja hus åleine. Med lokal hjelp og tett oppfølging fekk familien på Voss realisert husdraumen utan unødig stress.

Å byggja sitt første hus kan vera både spanande og overveldande. Henrik Staff og Ingeborg Gjerde Staff er i tillegg småbarnsforeldre med fulle arbeidsdagar – då vart det heilt avgjerande å få profesjonell bistand då dei skulle byggja hus.
– Me har ikkje bygd hus før, så me starta heilt frå scratch. Me hadde verken erfaring, kunnskap eller kapasitet til å styra eit slikt prosjekt sjølve, fortel Henrik.
Familien bestemte seg for å byggja heilt nytt hus då dei fekk skilt ut tomt frå garden Henrik vaks opp på. Med to små born og faste jobbar valde dei å søke etter hjelp til heile prosjektet.

Valde lokal kompetanse
Paret utforma huset saman med ein arkitekt og hadde ei klar førestilling om stil og materialval. Då arkitektteikningane var klare, sende dei førespurnader til fleire aktørar. Valet fall til slutt på XL-BYGG Tverberg, som har lokal kunnskap og brei erfaring med byggjeprosjekt på Voss.
– Dei var lokale, profesjonelle og dei einaste som inviterte oss inn til ein personleg prat. Det betydde mykje å møta dei som faktisk skulle jobba saman med oss, seier Ingeborg.
XL-BYGG Tverberg tok ansvar for heile prosjektet – frå material- og leverandørval til bygging, prosjektleiing og logistikk. Lokale fagfolk losa familien trygt gjennom lover og regelverk ein må forhalda seg til, som krav til universell utforming i ein generasjonsbustad, der alle rom må vera tilgjengelege for alle livsfasar, og alt det inneber. Dette er vanskeleg å halda oversikt over sjølv.
– Berre byggjesøknaden var omfattande, rundt 40 sider. Det er mange godkjenningar i ein slik prosess, og det blir mykje papirarbeid. At XL-BYGG tok hand om det administrative, gjorde prosessen mykje enklare for oss, fortel Henrik.
– Me hadde mange spørsmål, men det var alltid rom for å spørja, og me kjende oss trygge på at nokon hadde kontroll, seier Ingeborg.

Fann løysingar saman
Gjermund Seim er ansvarleg for Klappet & Klart hjå XL-BYGG Tverberg. Han fortel at Henrik og Ingeborg var positive kundar som det var lett å kommunisera med.
Saman gjekk dei gjennom materialynskja til paret og fann dei beste løysingane ut frå behov og moglegheiter.
– Dette var eit arkitektteikna hus, og då er det ofte ikkje like rett fram som med eit kataloghus. Me har saman tilpassa løysingane etter ynskja og teikningane deira, forklarar Gjermund.
Gode råd og ryddige prosessar
– Me vart overraska over kor mange val me måtte ta undervegs. Til dømes kor mange vindaugstypar det er å velje mellom. Her fekk me god rettleiing. Dei gjorde oss òg merksame på ting me ikkje hadde tenkt på, som at mangel på takutstikk påverkar kva veg vindauga bør svinga. Det hadde vore fort å gløyme utan profesjonell hjelp, fortel Henrik.
Val av kledning vart òg justert etter råd frå XL-BYGG, som kom med anbefalingar baserte på vêrforholda på Voss og elles på Vestlandet.
Paret fekk òg god rettleiing i val av dører.
– Eg er to meter høg, så det var viktig for meg med høgare dører enn standard. Me ynskte i utgangspunktet 2,20 meter, men XL-BYGG forklarte at prisforskjellen frå 2,10 til 2,20 er størst, medan det er same pris frå 2,20 og oppøve. Me enda på 2,30 meter høge dører, og det er me veldig nøgde med.
Fleksibilitet og forståing i ein hektisk kvardag

Paret hadde ikkje bestemt seg heilt for stil innvendig, men dei hadde fargepreferansar og fekk gode råd om fargar i samspel med lysforholda. XL-BYGG Tverberg samarbeider med den lokale interiørkonsulent Camilla Bergflødt og tilbyr éin time gratis rettleiing i butikken. Paret kjøpte òg nokre ekstra timar.
– Me gjekk gjennom golv- og baderomsløysingar og fekk god hjelp til val av fliser, fargar og dusjdører med Camilla og dei andre tilsette i butikken. I butikken kunne me sjå mange ulike materialtypar, og dei bestilte òg vareprøver dersom noko ikkje var utstilt.

Fleksibiliteten undervegs i prosessen var òg viktig. Endringar seint i prosessen vart møtte med forståing – ein fordel ved å samarbeida med lokale aktørar som kjenner både kundane og området.
– Me bestilte til dømes eit toalett ut frå bilete, men vart ikkje nøgde då det var montert. Då ordna dei det utan diskusjon og bytte til eit anna. Veldig god service, seier Ingeborg.
– Me skulle eigentleg ha baderomsplater på badet i første etasje, men rett før snikkaren skulle montera dei, bestemte me oss for fliser i staden. Me har vore ubesluttsame nokre gonger og endra meining i siste liten, men dei har alltid teke det med eit smil, fortel Henrik.
Gjermund hjå XL-BYGG Tverberg seier fleksibilitet er nøkkelen i slike prosjekt.
– Når dialogen er så god som her, strekkjer me oss langt for kunden, seier han.
Eit heim med kvalitet

Sjølve byggjeprosessen tok rundt åtte månader. Totalt gjekk det om lag eitt år frå første kontakt til ferdig hus.
I dag har familien fått eit hus som er tilpassa både tomta, lysforholda , deira ynskjer og livsfase.
– Kvaliteten på arbeidet er det me er mest nøgde med. På eittårskontrollen var det nesten ingenting å merka, seier Henrik.

Deira råd til andre
Paret meiner bistanden frå fagfolka hjå XL-BYGG Tverberg var avgjerande for å kunna gjennomføra byggjeprosjektet.
– Har du liten tid til overs i ein travel kvardag, med små barn og full jobb, er det godt å vita at fagfolk tek ansvar for prosessen. Då kan du fokusera på kvardagen, medan huset blir til, seier Ingeborg.
Dei viktigaste råda deira er å planleggja godt, tora å stilla spørsmål, tenkja nøye gjennom vala du tek – og hugsa at det ofte er mogeleg å justera undervegs.